Indre Romsdal prosti

Indre Romsdal prosti omfattar 15 sokn i kommunane Rauma, Nesset og Vestnes.

Prostesetet er på Åndalsnes. Det er eit fellesråd i kvar kommune. Prostiet er delt inn i tre samarbeidsområde for dei 6 prestane i prostiet. Fellesråda har tilsett 44 personar med til saman 17,5 årsverk, av desse to diakonar og ein kateket.

Prestetenesta i prostiet er inndelt i tre samarbeidsområde: Grytten med tre prestar inkludert prost, Vestnes med to prestar og Nesset med ein prest som har eit samarbeid med prestane i Sunndal.

Indre Romsdal prosti er prega av høge fjell og djupe fjordar. Næringsgrunnlaget er jord-/skogbruk, industri og reiseliv. I prostiet bur det 15.800 menneske som er medlemmer av eller høyrer til Den norske kyrkja. Prostesetet er på Åndalsnes med kontor ved Grytten kyrkjekontor.