"Den moderne ensomheten" var overskrift på ein artikkel i Aftenposten for ei tid sidan. I artikkelen seier førsteamanuensis i filosofi, Lars Fr. H. Svendsen at einsemda ikkje er enkel å akseptere. "Ensomheten er ikke bare smertefullt, men også pinlig." Kanskje det er grunnen til at så lite blir gjort for å førebyggje det mange kallar "den store folkesjukdomen"; - einsemda.
Einsemd er ikkje noko nytt fenomen. Allereie i forteljinga om Adam møter vi einsemd som tema. Gud vart fort klar over at mennesket ikkje kunne leve i einsemd. Og så skapte han Eva. Vi er skapt av Gud til menneskeleg fellesskap. Ingen kan heilt ut leve av seg sjølv eller for seg sjølv. Vi er utlevert til kvarandre, avhengige av kvarandre. (den gamle Diakoniplan for Den norske kyrkje).
Einsemd er ført og fremst ei kjensle. Kjensla av å vere einsam har ofte samanheng med at ein kjenner seg ubetydeleg og er lite verd. Ei kjensle som lett kan dukke opp i eit effektivt samfunn der det stadig er spørsmål om å vere til nytte.
Ein person som har vald å vere åleine er ikkje einsam. Det kan av og til vere godt å vere åleine. Den einsame er ein som ynskjer ein relasjon til andre menneske, men som manglar det. "Denne ensomheten er delvis et resultat av våre senmoderne livsidealer", seier førsteamanuensis Svendsen.
Eg skal ikkje gå nærare inn på dette no. Faktum er at vi i dag reint kommunikasjonsmessig har betre høve til å nå kvarandre enn nokon gong før. Samstundes får vi av og til signal om at einsemd er eit problem for stadig fleire i samfunnet vårt. Ikkje berre for eldre menneske, slik vi har lett for å tru.
I den samanheng møter vi på eit anna ord, omsorg. Det blir mykje brukt, både i offentleg og privat samanheng. Men kva legg vi i dette ordet omsorg.
Omsorg kan fort bli øydelagt. Ein måte å gjere det på er å la omsorga bli sentimental. "Stakkars liten, no skal eg hjelpe deg." Ei slik omsorg urykkjer ikkje nærleik, ekte interesse og likeverd, men heller avstand. Sentimental omsorg held menneske på avstand.
Omsorg kan ha mange uttrykksmåtar og former. Men omsorg kan aldri organiserast fram. Omsorg handlar alltid om møte mellom menneske, - om fellesskap. Det er først i møte med eit anna menneske vi har sjansen til å oppleve at vi har verdi. Då har vi høve til å gje kvarandre den grunnleggjande og viktige kjensle av å vere verdifulle.
Eg har ofte lurt på kva som er kjernen i god omsorg. For nokre år sidan kom eg over eit sitat av presten og sjelesørgjaren Johan Arnt Wenaas(som også ein del av tankane vidare er henta frå): "Det er oppmerksomheten som fyller omsorgen med innhold." Det er merksemda di i møte med eit anna menneske som kan gjere handlingane dine til noko meir enn ytre handlingar. Merksemd betyr nærver. Og nærver blir til omsorg.
Ofte er vi meir prega av fråver enn av nærver. Vi kan gå i eigne tankar, og vere til stades med kroppen, mens sinnet vårt er heilt andre stader. Kanskje vi tidvis prøver å vere fleire stader på ein gong? Då blir vi fort halve og kvarte, og alt for sjeldan heile i møte med eit medmenneske.
Det er fortalt at ei stamme i Stillehavet helsar kvarandre på fylgjande måte når dei møter kvarandre på vegen: Dei stoppar opp, ser kvarandre i auga. Gnir nasane mot kvarandre og seier: "Eg ser deg!"
Det er ikkje sikkert at vi her i Noreg skal innføre slike skikkar. Om vinteren kan nasane vere for kalde. Men saka er viktig. For det ikkje tvil om at to som gnir nasane mot kvarandre i høgste grad blir merksame på kvarandre.
Fleire stader i Bibelen står det om Jesus når han møtte menneske: Då såg Jesus på henne/han. Det var ikkje berre eit flyktig blikk. Men eit blikk med merksemd("oppmerksomhet"). Det går an å sjå utan å sjå, høyre utan å lytte, og å vere til stades og samstundes vere langt borte.
Historia om samaritanen i Det nyes testamente, fortel oss mellom anna om at Gud av og til brukar heilt andre personar enn dei vi trur når han vil gje omsorg til menneske.
I ein oppgang til ei blokk i Oslo stod ein dag ei gammal kone. Ho budde i 4. etg. Kona hadde streva seg ut på det glatte føret, til butikken og tilbake. No stod ho lent opp til veggen ved postkassa og pusta ut, svimmel av strev. Det galdt å samle krefter til den siste etappen opp trappa. Mens ho stod der, kom det tre naboar forbi. Først ein eldre velkledd herre som budde i etasjen under. Han såg kona, han såg posane, han løfta venleg på hatten og sa "god dag" – og gjekk forbi.
Så kom ei ung kvinne springande. Ho hadde det veldig travelt. Den unge kvinna såg kona, ho såg posane, smilte venleg og sa "hei, hei" – før ho forsvann som eit lyn opp trappene.
Så kom ein mann som var frå Pakistan og hadde kome til landet for nokre år sidan. Han såg kona, han såg posane – og det breidde seg eit stort smil over andletet hans i det han med litt skingrande stemme sa: "Ska jeg bera påse for deg?!"
Då presten og levitten i si tid gjekk forbi – og når vi i vår tid går forbi – så er det kanskje ikkje fordi vi er så slemme, egoistiske eller har det så veldig travelt. Men vi er kanskje ikkje oppmerksame nok.
I eit samfunn og ei verd som meir og meir blir prega av datamaskinane si kjølege handtering av personnummer, blir det stadig viktigare at vi er oppmerksame i møte med kvarandre. "Det er oppmerksomheten som fyller omsorgen med innhold."
Gud er oppmerksam på oss. Og no, så seier Herren, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, du er min.(Jes. 43,1) Når det står at Gud brukar namnet vårt, seier det litt om kor oppmerksam han er overfor oss.
Rune Singelstad, Diakon Grytten Prestegjeld