Den gode samtalen

Kan du hugse sist du hadde ein god samtale med nokon?

Kva var det som gjorde den samtalen god?

Første året Marit og eg var gift, budde vi på Toftøy, ei lita øy utanfor Bergen.

Eitt av mange gode minne frå det året, var det som skjedde på fredag ettermiddag og på søndag kveld. Då samla folk seg på kaia for å sjå kven som kom til øya, og kven som reiste.

I små flokkar stod folk å prata om veret, fiske, sjukdom, om barn og barnebarn, - og politikk. Dei fleste problem var løyste, både i lokalpolitikken, rikspolitisk og på verdsplan.

Kaia var ein god møteplass for dei som budde på øya. Vi treng slike møteplassar, der det er rom for samtalen. Der vi tek oss tid i møte med kvarandre.

Mykje kunne vore annleis dersom vi var flinkare til å samtale med kvarandre, på arbeidsplassen, i nabolaget, i samlivet og i familien. Denne påstanden kom frå ein kjent sjelesørgjar for nokre år sidan. Og han har sikkert rett.

Det seiest at vi samtalar med kvarandre på fleire nivå. Den mest overflatiske er det som t.d. handlar om veret. Det er ein ufarleg måte å innleie kontakt på. Kanskje kan denne kontakten bli djupare etter kvart. Dei som arbeider med kommunikasjon meiner at ca. 80% av kommunikasjonen er meir eller mindre overflatisk. Men vi er avhengige av å snakke om viktigare forhold. Elles blir vi einsame.

Det neste nivået i samtalen handlar gjerne om hendingar t.d. i politikk, sport eller hendingar i forhold til felles kjende. På det planet kan vi snakke utan å røpe så mykje om oss sjølve. Det er trygt, men det er heller ikkje så utbytterikt i lengda. Vi blir ikkje kjent med kvarandre på det nivået.

det tredje nivået deler vi meiningar. Når vi vågar å seie kva vi meiner, tek vi ein sjanse. Enten blir våre meiningar bli godt mottekne, eller så kan vi bli avvist. Det er alltid sunt å sei kva ein meiner. Då blir vi tryggare på oss sjølve, og andre blir også etter kvart trygge på oss.

Det fjerde nivået handlar om kjenslene våre. Når vi deler kjensler med kvarandre i ein samtale, er vi sårbare. Det er då vi kan oppleve samtalen mest verdifull. I nære relasjonar er vi avhengig av å samtale på dette nivået for å utvikle og styrke forholdet.

Når vi er saman, talar vi med heile oss. Ofte fortel vi ting om oss sjølve utan å vere klar over det. Måten vi set på, stemma vi brukar, blikket, - alt røpar noko om kjenslene som fyller oss.

I ein samtale er det lett å bli oppteken med å få sagt mest mogeleg sjølv. Dåren bryr seg ikkje om godt skjøn, han vil visa kva han tenkjer sjølv, står det i Bibelen (Ordtøka 18,2). Løyndomen i ein god samtale ligg derimot å lytte. Å lytte inneber å vere til stades i samtalen, og gje merksemd til ho/han vi snakkar med. Vi må gje rom for bodskapen frå den andre, for tankar og kjensler. Ved å vere ein god lyttar, kan vi vere med å gje den andre oppleving av å vere verdifull.

Det er godt å møte nokon som verkeleg lyttar. Det er godt å oppleve at det er nokon som ser meg.

Milde ord er som drypande honning, søte for sjela og sunne for kroppen, står det i Bibelen (Salomos ordtøke 16,24).

Når sa du sist gode ord til ein av dine næraste?

Kappast om å heidre kvarandre, står det i Bibelen. Eit godt ord varmar ti vintrar, seier eit kinesisk ordtak. Du har sikkert erfart at eit godt ord i alle fall kan ligge der i fleire dagar og varme, og gje oss mot til å leve. Gode ord er med å sanne vår eigen verdi. Gode ord handlar om å gje kvarandre menneskeverd.

Spesielt godt var det å få gode ord dei dagane som ikkje var så lette å leve, då du kjende deg både sliten og mislukka.

Når du sjølv blir møtt med gode ord, blir det lettare å møte andre på same måten.

Det er vel få som kan sei det så treffande som Haldis Moren Vesaas gjer det i diktet :

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind

og eg går fram til di.

Innanfor den er kvar av oss einsam,

og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,

var lova som galdt oss to.

Anten vi møttest tidt eller sjeldan

var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem

fell det meg lett å snu

når eg har stått litt og sett mot huset

og tenkt at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant

som no over knastrande grus

og smile glad når du ser meg stå her,

skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas

 

Rune Singelstad, Diakon Grytten Prestegjeld