Diakoni – evangeliet i handling
Kyrkjemøtet vedtok hausten 2007 ei ny plan for diakoni i kyrkja. Denne hausten skal det arrangerast diakonikurs i alle kyrkjelydar i bispedømet for å gje inspirasjon og glede til å arbeide med diakonien i eigen kyrkjelyd, og til å arbeide ut plan for diakonien. Grytten prestegjeld arrangerer diakonikurs 9. september i Åndalsnes bedehus.
Kva er diakoni? Kyrkjemøtet sin definisjon er: "Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd." er eit sentralt kjennemerke på kyrkja sitt oppdrag i verda. Diakoni er med andre ord ein del av det å vere eit truande menneske. At trua blir verksam i handling.
Jesus Kristus forkynte evangeliet om Guds rike. I Han er Guds rike kome nær. Kristus kjem med nåde, frelse og håp for kvart menneske.
Jesus forkynte evangeliet synlig og konkret. Han stansa for enkeltmenneske og spurde: Kva vil du eg skal gjere for deg? handla inn i menneske si vonløyse og tende lys i mørkret. Han gjorde heilt det som var rive i sund.
Som kristen kyrkje er vi kalla til å synleggjere Guds nærver, Guds kjærleik og Guds rettferd i verda. Med utgangspunkt i trua på Gud som Skapar, er diakonien uttrykk for det ansvar for medmenneske som Gud har gitt alle menneske (Matt.22,39). Med utgangspunkt i trua på Gud som Frelsar, er diakonien eit vitnemål om Guds tenande kjærleik til alle menneske i Jesus Kristus (Fil.2,5-9). Med utgangspunkt i trua på Gud som Forløysar, er diakonien ei frukt av det nye livet som blir skapt ved Den Heilage Ande (Joh.15,1-17). Diakonien veks fram av den kristne trua og finn sien konkrete uttrykk i kyrkjelydens fellesskap (1.Kor.12,26).
"Det er ei sentral side av det kristne menneskesynet at vi er skapte i Guds bilete til å vere medmenneske. Vi er utleverte til kvarandre, og vi er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Ingen kan heilt og fullt leve av seg sjølv eller for seg sjølv. Vi er skapte til å tene kvarandre, til å ha omsorg for kvarandre. Samtidig er heile skaparverket avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar
for verda."
Det går opp og ned i livet for dei fleste av oss. Gjennom livet kjem alle i situasjonar der vi treng andre. Det er periodar vi har høve til å gje, andre periodar har vi behov for å få. Diakonien er gjensidig.
Fellesskap er eit anna viktig stikkord. Bibelen omtaler dette fellesskapet som ein kropp med mange ulike lemmer og funksjonar (1. Kor 12). I eit inkluderande fellesskap skal den einskilde både sjå og bli sett.
Vern om skaparverket er ein del av Guds forvaltaroppdrag. I dag er det synleg at skaparverket – mange dyre- og planteartar og heile økosystem – er trua på ulike måtar gjennom menneskeleg aktivitet og grådig ressursbruk.
Kampen for rettferd er også uttrykt diakoniens oppdrag. Det betyr at vi ikkje kan vere passive tilskodarar til at menneske blir krenka, enten det skjer i vårt eige land eller andre stader i verda. Gapet mellom den rike og den fattige del av verda aukar. Dette utfordrar oss, både som einskildpersonar og som kyrkje.
Menneske er gjensidig avhengig av kvarandre. Gjennom heile livsløpet treng vi å bli møtte med nestekjærleik og miskunn. Nestekjærleik i praksis handlar både om små enkle handlingar og om store krevjande tiltak. Miskunn audmjukar ikkje mottakaren, men tek vare på menneskeverdet hans. Attkjenninga – "det kunne ha vore meg" – er viktig.
Kven er nesten vår i lokalmiljøet?
Er lokalkyrkjelyden vår og samlingane våre prega av
nestekjærleik?
Sjølv om vi er skapte til nestekjærleik, lever vi han ikkje alltid ut. Vi må lærast opp til det, trene på det og bli inspirerte til det. Vi må oppmuntre og elske fram "det
diakonale blikket" som ser ein situasjon og gjer noko med han.
Kva slags diakonale utfordringar har vi?
Vi lever i eit land som er rikt på materielle verdiar. Og vi har eit samfunn som har gode helse- og sosialtilbod. Likevel finn vi diakonale utfordringar.
I krisesituasjonar og vanskelege periodar er det ekstra stort behov for nestekjærleik. Menneske lid mellom anna på grunn av mobbing, sjukdom, sorg, rusproblem, hiv og aids,
fattigdom og kriminalitet.
Familien er ei sårbar eining. Born og unge blir ekstra utsette når omsorgspersonar har problem. Dei mange samlivsbrota er òg eit teikn på at mange strevar.
Endringar i tilbodet frå det offentlege gir nye utfordringar i lokalmiljøet. Til dømes kan desentralisering og kortare liggjetid ved dei fleste typar institusjonar utfordre oss som
medmenneske i lokalmiljøet med besøks-, handle- og følgjetenester, gjerne i samarbeid med frivilligsentralar.
Når det etter kvart blir meir vanleg at menneske døyr utanfor sjukehus, vil det lokale behovet for sjelesorgarbeid ved slutten av livet bli større.
Sjelesorg er sentralt i kyrkjediakonien. Mange menneske ønskjer å kunne samtale om eksistensielle spørsmål i livet. Særleg blir unge menneske i dag stilte overfor utruleg mange val. Kan diakonien gi rom for ei rådgivingsteneste, gjerne for unge, med hjelp og støtte i
vanskelege valsituasjonar?
Ein kan utvikle den åndelege rettleiinga i kyrkja og gjere henne kjend. Både den individuelle forbøna i det fortrulege rommet og den offisielle forbøna i gudstenesta kan styrkjast og fornyast.
Mange menneske har større og større behov for å ha det
stilt, kvile og vere langsame.
Mange blir ramma av einsemd og mangel på ein stad å høyre til. Grunnleggjande i kristen tru er at mennesket er skapt til fellesskap. Å styrkje banda mellom menneske og knyte nye band der forhold er gått sund, er ei diakonal utfordring.
Dersom Plan for diakoni skal få betyding i kyrkjelyden, må det planen omsettast i konkrete tiltak som passar til kyrkjelydens behov og ressursar. Soknerådet har ansvaret for det diakonale arbeidet, enten direkte eller via eit diakoniutval. Dei tilsette i kyrkja bruke kompetansen dei har og arbeidsforholdet sitt til å hjelpe til med å innarbeide og utvikle diakonien i heile kyrkjelydslivet. Frivillige medarbeidarar er ein viktig ressurs.
Diakonen er sentral både når det gjeld rekruttering og å følgje opp frivillige. Han/ho har ansvar for å leie det diakonale engasjementet i kyrkjelyden og hjelpe til med å få sett planar og prioriteringar ut i livet.
Samarbeid er heilt naudsynt. Både innanfor kyrkja, andre kyrkjesamfunn og i forhold til andre som arbeider i tilsvarande oppgåver i kommunen.
Når planen skal setjast ut i livet må vi tenkjer gjennom viktige spørsmål:
Kva er situasjonen?
Kva ønskjer vi å oppnå med diakonale tiltak?
Kva slags tiltak skal vi satse på?
Kven ønskjer vi å nå med tiltaka?
Kven kan vere samarbeidspartar?
Kven får ansvaret for dei aktuelle tiltaka?
"Diakonien er eit hovudaspekt ved kyrkja sitt oppdrag
og må gjennomsyre heile kyrkja sitt liv.." Det uttala kyrkjemøtet då planen vart vedteken.
Det viktigaste er at vi er medvetne om at vi er kalla til å leve Guds kjærleik ut i kvardagen. At kjærleiken blir meir synlig i livet vårt og i kyrkja sitt liv. Dette er ikkje ei tung plikt, men ei kjelde til glede og frimot. Kjærleikens språk er det einaste som når fram til menneske, som kan forsone og fornye, og som kan hjelpe menneske fram til Gud. Kjærleiken er diakoniens bærebjelke. Kjærleiken er brua frå gudstenesta i kyrkja til gudstenesta i kvardagen vår. Jfr. 1.Kor.13.
Litteratur: Plan for diakoni i Den norske kyrkja
Rune Singelstad